Personvernerklæring
(Den høgst uoffisielle og kanskje ikkje heilt GDPR-godkjente versjonen)
Vi tek personvern nesten like seriøst som pappa Vigleik. Her er alt du treng å vite – og kanskje litt meir enn du bør vite – om korleis vi handterar dine ekstremt viktige data.
Kva data samlar vi inn?
Vi samlar kun inn følgande:
-
Navnet ditt (med mindre du brukar dekknavn).
-
Om du kjem i bryllupet (viktig!).
-
Farge og hardheitsnivå på tannkost.
-
Allergiar (vi har nulltoleranse for forgifting og død).
-
Om du har stirra for lenge på bilete av bruda - Bendik fører statistikk på dette.
-
Øvrig informasjon du frivillig skriv inn – vi les det, lovar.
Kva brukar vi desse data til?
-
Lage ein sitteplan som forhåpentligvis ikkje fører til slosskamp.
-
Måle kor mange som faktisk les personvernerklæringa.
-
Sørge for at glutenallergikarar ikkje får ein bolle i fjeset.
-
Forutsjå kor mykje kake vi treng. Dette er svært viktig.
Kvar lagrast dataene?
Oppi skya - meir spesifikt den største over Rotsethornet (og i eit Excel-ark på ein Mac).
Kven delar vi dataene med?
Ingen. Ikkje ein gong bestemor Valborg.
Kor lenge lagrar vi dataene?
Så lenge vi synes det er kjekt å sjå på dei. Kanskje til sølvbryllupet. Kanskje til evig tid. Kanskje til vi ved eit uhell slettar alt. Det er vanskeleg å seie.
Dine rettigheiter:
-
Du har rett til å kreve at vi slettar dine data, men då må du også gi oss eit nytt svar på om du kjem.
-
Du har rett til å spørje kva vi veit om deg, men vi er ikkje plikta å oppgi kva busk vi gøymde oss i for å få tak i informasjonen.
-
Du har rett til å klage, men ikkje på kakevalget, brudeparets antrekk, eller noko anna som kan tyde på ueinigheit med brudeparet.
Cookies?
Kun ekte. Vi serverar dei etter middagen. Dei inneheld kanskje nøtter.
TL;DR: Vi lovar å bruke informasjonen du gir oss kun til bryllupet, og ikkje til å sende deg nyheitsbrev, reklame, eller invitasjonar til pyramidespel. Vi har viktigare ting å gjere, som å gifte oss. 🎉💍
Ved å besøke denne sida har du allereie gitt samtykke, oops.