top of page

Sofie & Bendik
1. august 2026
Volda Kyrkje
| Rjånes Feriesenter

Denne nettsida vil vere samlingspunktet for alt som gjeld informasjon og påmelding til den store dagen

Trykk på knappane nedanfor eller øverst i sidemenyen for å kome til ønska side

Sofienettside.png
Sofienettside.png

Sofie & Bendik - The Story

Etter mange års venting er det endeleg klart for bryllupet til Sofie og Bendik! Korleis har vi eigentleg komt oss hit? Det får du svaret på her:

Det skjedde i dei dagar i 2008 då Bendik byrja på Bratteberg skule. Der fekk han auge på ei fager(voll) jente med pannelugg, palestina-skjerf og uggs, som lyste opp på skuleplassen.

Det bar vidare til ungdomsskule der dei to var så heldige med å hamne i same klasse. Sjølv om alle Bendik sine venar hadde kome i andre klasser, og han fleire gongar vart oppfordra til å bytte klasse, så gjorde han (heldigvis for Sofie) ikkje det. Lurer på kvifor..

Sjølv med daglege interaksjonar i tre år i same klasse så skjedde det ikkje så mykje på kjærleiksfronten, anna enn ein filmkveld i 2012 der begge erklærte at dei "likte den andre litt" og ein avtale om ekteskap dersom Bendik vart verdskjent trommis. Bendik venta tolmodig på framtida medan Sofie nytta desse åra godt til å øve på forhold. Etter litt prøving og feiling var ho endeleg klar til å ta med sine lærdommar til den komande hovudpersonen i hennar liv, og øvinga gav resultat! 

I andreklasse på vidaregåande skule (2015) tok dei to endeleg initiativ til å møtast privat etter skuletid, men sjøvsagt ikkje utan venninde Paula til stades! Det måtte nokre spelekveldar i trioformat til før dei etterkvart turte å leggje planar på tomannshand. Sofie inviterte på pannekakebaking, noko som traff blink hjå Bendik, og etter det tok det "berre" eit halvt år før dei endeleg kunne kallast kjærestar!

Etter ein treig start har dei haldt saman gjennom folkehøgskuleår med avstand og 6 år med studentliv i Bergen før Bendik etterkvart manna seg nok opp til å gå ned på kne i ein gondol i Venezia sommaren 2024, noko Sofie var svært begeistra (og klar) for. No har dei kome seg på plass i ny bolig i Volda og det er duka for ei kjekk feiring saman med alle dei er glade i!

Galleri

NEDTELLING

bottom of page